Kapp Ténaro (gresk Ακρωτήριο Ταίναρο, Akrotírio Ténaro), òg kalla Kapp Matapá (Κάβο Ματαπάς, Kávo Matapás), tidlegare Kapp Matapan, ligg på enden av Mánihalvøya i periferieininga Lakonía på Peloponnes i Hellas. Dette er det sørlegaste punktet på det greske fastlandet og dermed òg på det europeiske fastlandet. På vestsida ligg Messiníabukta og på austsida Lakoníabukta.