Messiníabukta (gresk Μεσσηνιακός Κόλπος Messiniakós Kólpos) er ei bukt i Det joniske havet i Hellas. Bukta ligg mellom periferieiningaMessinía og den sørvestlege delen av Lakonía. Fjellet Taýjetos ligg aust for bukta og er omringa av åsar. Fleire fjell dekkjer dei vestlege delane og jordbruksområde, som er ein del av Pámisossletta, ligg i nord. Elva Pámisos munnar ut inst i bukta.
Hamnebyen Kalamáta ligg i nordaust og den kjende Diroúgrotta ligg i søraust.
Messiníabukta greser til øya Venétiko i vest og neset Ténaro i søraust.