B
B (b) er den andre bokstaven i det latinske alfabetet. Til liks med dei kyrilliske bokstavane be (Б) og ve (В) har han opphav i den greske bokstaven beta (Β). B er ein leppelyd. Det semittiske namnet på bokstaven tyder 'hus' (hebraisk beth, jamfør Betlehem som tyder 'brødhus'). I den opphavlege biletskrifta har teiknet vore eit riss av eit hus. Grekarane omdanna namnet til betâ. Etruskarane og etter dei romarane kalla bokstaven be. I fleire språk (spansk, russisk, nygresk) kan bokstaven vise til anten ein bilabial (b) eller ein labiodental (ein mellomting mellom norsk b og v). I den eldre runerekka var B det 18. teiknet. I den yngre runerekka var B det 13. Den greske bokstaven beta har saman med den føregåande alfa gjeve namn til alfabetet. Versalen 'B' kan stå for:
Minuskelen 'b' kan stå for:
Kjelder
|