KarakterEin karakter er ein verdi på ein skala som blir brukt innan mange utdanningssystem for å måla prestasjonane til ein elev. Karaktersystem i NoregNoverande karakterarGrunnskule og vidaregåande skulePer i dag (2007) blir elevar i grunnskulen (frå og med 8. klasse) og på vidaregåande skule vurderte på ein skala frå talet 0 (dårlegast) til 6 (best). Karakteren 0 vert gjeven til svar tomme for fagleg innhald. I vidaregåande skule er 1 strykkarakter. På vitnemålet vert det ført bere heile talkarakterar. For å vise nyansar kan ein elles setje pluss og minus etter talkarakteren, for eksempel 3+ som er ein sterk trear og 4- som er ein svak firar. For å syne at ein ligg på vippepunktet mellom to karakterar kan ein skrive for eksempel 3/4 (tre til fire) som er ein svært sterk trear og 4/3 (fire til tre) som er ein svært svak firar.
Innan orden og åtferd vart det berre gjeve tre karakterar: Lg - Lite godt Ng - Nokså godt G - Godt Høgskulane og universitetaFrå 2003 blei det innført ein bokstavskala for å gjera dei norske karakterane meir internasjonale. Skalaen går frå A, som er beste karakter, til F, som er strykkarakter. Det er tanken at skalaen skal vera normalfordelt. Det fører med seg at dei fleste skal ha dei mellomste karakterane og dei færraste skal ha dei beste og dei dårlegaste karakterane. Fordelinga av eksamenskarakterar er også fastsett slik:
Denne fordelinga blir ikkje nytta for alle enkeltkurs og enkelteksamenar. Karakterar som vart brukte førGrunnskulenFram til 1999 var det brukt bokstavkarakterar. Desse bokstavkarakterane var i bruk frå gamalt av, og stod for følgjande:
Innan orden og åtferd vart det berre gjeve tre karakterar:
Realskulane og gymnasaI realskulen (8. til 9./10. skuleår) (erstatta av «linjedelt ungdomsskule» på 1960-talet) og gymnaset (10./11. til 12./13. skuleår) (erstatta av høgare almennskular/vidaregåande skular (vgs)) vart følgjande karakterskala nytta:
Høgskulane og universitetaFram til 2003 nytta høgskular og universitet seg av talkarakterar oppgjevne med tiandedels desimalar. 1,0 var den beste og 4,0 var den dårlegaste ståkarakteren. Botn på skalaen var 6,0. Etter gamal universitetstradisjon vart talkarakterane grupperte i grupper med latinske nemningar. Grensene var i utgangspunktet som nedanfor, men kunne variere for enkelte eksamenar.
|