Bokstaven Z (z) [uttale: «sett»] er den 26. bokstaven i det latinske alfabetet. Han stamma over etruskisk frå gresk, der han hadde forma I og seinare Ζ, ζ. Han er den sjette bokstaven i det greske alfabetet med namnet zeta. Uttalen vert gjengitt med sd eller ds, men har vore éin lyd, ein stemt s-lyd. Bokstaven går attende til fønikisk skrift og heiter på hebraisk zayin, som tyder «våpen». I latinsk rettskriving vart bokstaven teken i bruk under Augustus i lånord frå gresk. Han hadde først av plass etter F i bokstavrekka.
I runealfabetet er z den sjuande runen i andre ætt.
Z vert i norsk berre nytta i lånord og vert uttalt som s (tidlegare til dels også som ts, til dømes zar, ein eldre skrivemåte for tsar). På engelsk og fransk, i slaviske språk, i ungarsk og i dei fleste fonetiske alfabet har z lydverdien stemt s. På tysk vert han uttalt som ts, utanom i den eldre sambindinga sz = ss. På italiensk vert han uttalt som ts eller dz, på spansk som ustemt lespelyd [þ], men i Latin-Amerika vanlegvis som s. I kinesisk (pinyin) vert z uttalt som dz.
Somme samiske språk og dei europeiske språka estisk, latvisk, litauisk, tsjekkisk, slovakisk og slovensk har òg varianten Ž (Z háček).
Versalen Z kan stå for:
- hovudrolla i animasjonsfilmen Antz
- prefikset zetta- (=1021) i SI-systemet
- Z er i fysikk og kjemi symbol for atomnummeret til eit atom.
- vanleg symbol for impedans.
- nemning for mengda av heile tal for (positive og negative). Symbolet kjem av tysk Zahlen, som tyder «tal».
Minuskelen z kan stå for:
- prefikset zepto- (=10-21) i SI-systemet
- ein vanleg bokstav nytta i matematikk for ein tredje ukjend storleik eller ein tredje koordinat når dei to første er x og y.
- vert ofte nytta som symbol for komplekse tal: z = x + iy, der x og y er reelle tal og i = Ö-1.
- z, i fysikk og kjemi vanleg symbol for ioneladningstal, det vil sei talet på frie elementærladningar i eit ion.
- i matematikken ofte teikn for den tredje ukjent storleiken i ei likning når dei første er blitt skrivne som x og y. Òg ofte nytta om den tredje koordinaten i eit koordinatsystem.
Kjelder
«Z – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.