Waters Edge er det åttande studioalbumet til det britiske glamrockbandetSweet, gjeve ut i 1980.
Sweet hadde på denne tida mista mykje av fansen sin og lagt til side den eksperimentelle sida si på den førre plata. Her gjekk dei attende til ei meir streit tilnærming som spelte på styrkane deira.[1]
Allmusic skreiv om albumet: «Dei høyrdest ikkje mykje ut som gammal Sweet, men spor som «Sixties Man», «At Midnight», «Getting in the Mood for Love» og «Hot Shot Gambler» er hektisk, straumlinjeforma 80-talspop som er overraskande god. Dei stablar seg godt ved sida av samtidige artistar som ELO (som dei aper overbevisande godt på «Tell the Truth») eller Rick Springfield.»[1]
Songen «Own Up» er ikkje den same som «Own Up, Take a Look at Yourself», som kom ut som B-side til singelen «Teenage Rampage» i 1974.
Nordamerikansk utgåve (berre LP)
Dette albumet kom ut i USA og Canada under tittelen VI med eit anna omslag. VI er ein generisk tittel som refererte til at albumet var det sjette av Sweet som kom ut på Capitol Records. Sporlista er òg annleis enn Pollydor-utgåva. Albumet har ikkje kome ut på CD.