Desolation Boulevard er det tredje studioalbumet av det britiske glamrockbandetSweet, opphavleg utgjeve i Storbritannia i november 1974. To merkbart ulike versjonar av albumet vart gjevne ut: ein av RCA Records i Europa, og ein annan av Capitol Records i USA, Canada og Japan.
RCA-versjonen inneheld singelen «Turn It Down» og den originale innspelinga av «Fox on the Run». Capitol-versjonen, utgjeven i USA i juli 1975, inkluderer singelen «The Ballroom Blitz» frå 1973 og singelversjonen av «Fox on the Run». I USA nådde albumet 25. plassen den 25. oktober 1975.
Desolation Boulevard blir av mange rekna som det beste albumet til bandet. Andy Scott, gitarist i Sweet, sa om albumet: «Eit slikt mangfald beviser berre at bandet aldri kom til å vere berre føreseieleg, noko som gav dette albumet ein definitiv plass i Sweet-historia».[5]
Capitol-versjonen av Desolation Boulevard kom ut i USA og Canada i juli 1975. Han skilde seg frå den britiske versjonen og inkluderte fleire songar frå det førre albumet Sweet Fanny Adams i tillegg til singlane «Ballroom Blitz» og «Fox on the Run».
Side ein
Alle spor skrivne av Chapman, Chinn, utanom der andre er nemnde