«Fox on the Run» er ein song av det britiske bandet Sweet, først spelt inn i 1974. Det var den første Sweet-singelen dei hadde skrive sjølg, i staden for produsentane Nicky Chinn og Mike Chapman, og den 14. singelen deira totalt. «Fox» er eit slangord for ei attraktiv kvinne på engelsk og teksten handlar om ein av groupie-ane til bandet.[4]Bomp! kalla songen «ei definitiv hardrock tyggegummi-singel» og «ein av dei siste glitter-klassikarane».[3]
Det vart spelt inn to versjonar av Sweet. Den originale versjonen vart produsert av Mike Chapman i lag med Nicky Chinn for den europeiske utgåva av albumet Desolation Boulevard. Sweet spelte òg inn ein meir pop-orientert versjon som 7"-singel i 1975, som er den meir kjende versjonen av songen. Singelversjonen frå 1975 kom ut på Capitol Records-utgåva av Desolation Boulevard.
Songen gjorde det særs godt i Australia og låg seks veker på toppen av lista der, mellom august og september 1975. Det vart den bestseljande singelen i Australia det året.[5]
«Fuchs geh' voran» er ein tyskspråkleg versjon av songen med ein tekst om ein rev som vert jaga av pelsjegerar. Han kom ut på singel i 1975 av det tyske rockebandet Scorpions som The Hunters. B-sida var ein tyskspråkleg versjon av ein annan Sweet-song, «Action», som «Wenn es richtig losgeht».