Level Headed er det sjette studioalbumet til det britiske glamrockbandetSweet. Ulike versjonar kom ut på Polydor i Europa og på Capitol i USA, Canada og Japan. Albumet inneheld songen «Love Is Like Oxygen», som vart den siste hitten deira som nådde topp 40. Songen nådde åttandeplassen i USA og niandeplassen i Storbritannia. Singelversjonen av «Love Is Like Oxygen» er vesentleg kortare enn albumversjonen. Ein andre singel, «California Nights», kom ut frå albumet, men nådde berre 76. plassen i USA.
Dette var det siste albumet med den klassiske Sweet-besetninga, sidan Brian Connolly slutta i bandet kring eit år etter albumet kom ut for å satse på ein solokarriere. Den attverande trioen med Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker fortsette, og gav ut tre album til før dei vart oppløyste i 1981.
AllMusic likte albumet i meldinga si og særskild dei mange stilane og at bandet hadde gått heilt bort får tyggegummipopen på tidlegare singlar til albumbasert rock. Dei konkluderte «Dette er absolutt ikkje klassisk Sweet, men det er nettopp det som er bra med Level Headed - dei er ujamne og eventyrlystne, snublar av og til, men lagar alltid interessant musikk på eit album som er alt anna enn tittelen lover.»[1]