Tamra vart erobra av israelske styrkar frå Den arabiske frigjeringshæren og den syriske hæren i den arabisk-israelske krigen i 1948 som ein del av Operasjon Dekel. Den 20. mai 1948 vart den sivile folkesetnaden evakuert etter ordre frå arabiske irregulære styrkar. I følgje Benny Morris var det frykta at landsbyen skulle overgje seg til Yishuv.[1] Byen voks raskt dei første åra på grunn av mange palestinske flyktningar som flytta hit frå øydelagde landsbyar som al-Birwa eller al-Damun. Store jordbruksområde kring byen vart konfiskert av israelske styresmakter og gjeve til gardskollektiv og nærliggande jødiske busetnader som Mitzpe Aviv. Tamra fekk lokal kommunestatus i 1956 og bystatus i 1996.
Byen er kjend for det store meieriet «Rajeb-Tamra», som har ein viss del av meierimarknaden i Israel, særleg i den arabiske sektoren.
Demografi
I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen på slutten av 2007 eit folketal på 27 300.[2] I 2001 bestod byen nesten utelukkande av arabarar (99,6% muslimar), utan noko signifikant jødisk folkesetnad.
Idrett
Fotballaget i byen er Hapoel Bnei Tamra og spelar i dag i Liga Artzit, det tredje nivået i israelsk fotball. Mindre klubbar er Hapoel Tamra og Maccabi Tamra, som spelar i Liga Bet, det femte nivået.