Kommunen er kalla opp etter den antikke byen Megiddo og ruinane av denne byen ligg i nærleiken av kibbutz Megiddo.
Historie
Megiddo regionale kommune er ein av dei eldste regionale kommunane i Israel, og vart oppretta i 1945, tre år før sjølvstendet til Israel. Før 1945 var området ein del av Gush Nahalal, ein kommune i Det britiske mandatet.
Då han vart grunnlagd hadde kommunen berre 3 000 innbyggjarar frå fem innbyggjarar. Han heitte opphavleg «Harei Efrayim» (no. Efrayimåsane), og endra namn til «Megiddo» i 1952, sjølv om dette først vart offisielt godkjend i 1954.
Den eldste busetnaden i kommunen er kibbutzMishmar HaEmek, som vart grunnlagd i 1926, medan den yngste er moshavMidrakh Oz, som vart grunnlagd i 1952.
Ramot Menashe biosfærereservat
84 million kvadratmeter av dei 170 million kvadratmetrane i Megiddo regionale kommune er eit naturreservat, med skogsområde, forskjellige vasskjelder, vulkanske åsar og arkeologiske stader. Parken er i dag i ferd med å få status hos UNESCO som biosfærereservat.