Eilabun er ein liten by i Galilea, 15 km sørvest for Safad nord i Israel, og har ein kristen majoritet, med ein muslimsk arabisk minoritet.
Etymologi
I følgje Survey of Western Palestina kjem namnet Eilabun frå arabisk, og tyder «hard, steinte grunn.»[3] Ein israelsk teori er at staden vart bygd på den gamle staden «Ailabu» (hebraisk עַיְלַבּוּ), ein mogeleg variant av namnet Ein Levon.[4]
Historie
Det er funne sarkofagar skorne ut i stein, vest for landsbyen.[5]
Osmansk tid
I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 var han oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyyanahiya («underdistrikt») i Safadliwa («distrikt») med eit folketal på 13 muslimske hushaldningar.[6]
I 1875 fann den franske oppdagaren Victor Guérin at landsbyen hadde eit folketal på kring 100 greske kristne, med eit «audmjukt» kapell. Han noterte ei glimrande vasskjelde og ruinar (mellom anna søyler) av gamle bygningar.[7] I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) han som «ein steinlandsby, godt bygd, med kring 100 kristne arabarar. Han ligg på ein kam, omgjeve av krattskog med dyrkbar mark i dalen. Ei god kjelde ligg vest for landsbyen.»[8]
Britisk styre
I folketeljinga i 1931 hadde 'Ailabun 85 busette hus og eit folketal på 404, 32 muslimar og 372 kristne.[9]
I 1945 bestod landsbyen av 530 kristne og 20 muslimar,[10] som eigde i alt 11 190 dekar land, medan 3 522 dekar land var offentleg.[11] Av dette var 1 209 dekar for plantasjar og irrigert land, 2 187 for korn,[12] medan 18 dekar vart utbygd land.[13]
Staten Israel
Golanbrigaden frå Israel erobra Eilabun den 30. oktober 1948 — under den arabisk-israelske krigen i 1948, frå Den arabiske frigjeringshæren (ALA). Etter byen overgav seg, forhandla av fire prestar, utpeikte kommandanten av Golani-soldatane 14 unge arbarar og fekk dei avretta, i det som vart kjend som Eilabun-massakren. Landsbyen vart så plyndra.[14] Dei fleste innbyggjarane vart marjserte ut til den libanesisk grensa, medan hundrevis flykta til nærliggande kløfter, grotter og landsbyar.[15][16] Som ein del av ei semje mellom erkebiskop Hakim og leiaren for «den arabiske seksjonen» i Det israelske utanriksdepartementet, fekk innbyggjarar frå Eliabun i eksil i Libanon løyve til å vende attende sommaren 1949.[15] Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
Den 25. april 2008 vart seks personar skadd, to av dei med alvorlege skadar, i ein slosskamp mellom drusarar og kristne nær Eilabun.[17] Den sekteriske konflikten var ein del av ein lanvarig strid mellom samfunna, som byrja i 2004 i byen Shefa-'Amr. I april 2008 byrja kampen av ukjende årsaker då drusarar marjerte mot gravstaden til Jetro, svigerfaren til Moses, på hovudvegen nær landsbyen Eilabun.[17] Deltakarar i marsjen kjempa mot innbyggjarar i landsbyen med skytevåpen og steinar.[17] Dei eldre frå drusarsamfunnet som var til stades klarte å roe gemyttane.[17] Konflikten enda etter ein offisiell forsoning mellom drusarane og dei kristne i 2009.
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
↑E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestina. s. 82.
↑Government of Palestina, Village Statistics 1945.
↑Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s.72
↑Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 122
↑Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 172