Super Mario Bros.: The Lost Levels (スーパーマリオブラザーズ2, Super Mario Bros. 2) er eit plattformspel utvikla og publisert av Nintendo for Famicom Disk System. Det vart først gjeve ut i Japan den 3. juni 1986, og er oppfølgjaren til Super Mario Bros.. Originalversonen av spelet vart ikkje gjeve ut i Europa, men ei omlaging vart gjeven ut i samlepakken Super Mario All-Stars for Super Nintendo Entertainment System i 1993. The Lost Levels er også tilgjengeleg som digital nedlasting på Virtual Console for Wii.
Oppsett
I Super Mario Bros.: The Lost Levels styrer spelaren Mario eller Luigi etter eit val på tittelskjermen. Spelet har ingen modus for fleirspel. Mario og Luigi har ulike eigenskapar i spelet; Mario har best fotfeste medan Luigi hoppar høgast.
Spelet har mange fellestrekk med Super Mario Bros.. Målet er framleis å kome seg gjennom åtte verder med fire nivå kvar for å berge prinsessa. Nivåa skal vere meir utfordrande enn i føregangaren.[1]
Det er ingen nye fiendar i spelet, men nokre av dei ter seg annleis enn før; landfiendar kan no bli funne i nivå under vatn, medan vassfiendar kan bli fune flygande i bakkenivå.
Referansar
Bakgrunnsstoff
|
---|
Hovudserie | | |
---|
Biprodukt | |
---|
Remakar | |
---|
Kompilasjonar | |
---|