Super Mario 3D World er eit plattformspel som er utvikla av Nintendo EAD Tokyo og utgjeve av Nintendo. Spelet er det sjette originale tredimensjonale platformspelet i Super Mario-serien og er etterfølgjaren til Nintendo 3DS-spelet Super Mario 3D Land frå 2011. Det vart utgjeve til Wii U internasjonalt i løpet av november 2013. Ein utvida versjon av spelet kjem ut til Nintendo Switch den 21. februar 2021 under tittelen Super Mario 3D World + Bowser's Fury.[1]
Spelet støttar lokal fleirspelar for opp til fire spelarar samstundes. Det har i starten fire karakterar tilgjengelege som ein kan spela som: Mario, Luigi, prinsesse Peach og Toad.[2] Karakterane har alle ulike evnar og eigenskapar, og er dei same karakterane ein kunne spela som i spelet Super Mario Bros. 2 til Nintendo Entertainment System.[3]