Super Mario 3D All-Stars

Super Mario 3D All-Stars
Utviklar(ar)Nintendo
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Kenta Motokura
SerieSuper Mario
Plattform(er)Nintendo Switch
Utgjeving18. september 2020
Sjangerplattformspel
Spelemoduseinspelar, samarbeid
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttps://supermario3dallstars.nintendo.com/
Del av serien Super Mario

Super Mario 3D All-Stars er ein kompilasjon av tredimensjonale plattformspel for Nintendo Switch. Han var utgjeven i samband med 35-årsjubileet til Super Mario-serien, med HD-versjonar av Super Mario 64 (1996), Super Mario Sunshine (2002) og Super Mario Galaxy (2007).[1]

Kompilasjonen vart utgjeven internasjonalt 18. september 2020. Han fekk positiv omtale, med ros for dei tekniske forbetringane, kontrollane og spela i seg sjølve, men presentasjonen fekk meir blanda mottaking, der kritikk var retta mot den tidsavgrensa utgjevinga, mangelen på ekstra innhald og fråværet av Super Mario Galaxy 2 (2010).[2]

Kjelder

  1. «Nintendo slipper samlepakken Super Mario 3D All-Stars om få uker». Gamer.no. Henta 15. oktober 2020. 
  2. «Super Mario 3D All-Stars review - three great games in one lacklustre compilation». Eurogamer. Henta 15. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff