Captain Toad: Treasure Tracker er eit hjernetrimspel utvikla av Nintendo EAD Tokyo og utgjeve av Nintendo. Spelet er eit biprodukt av Super Mario-serien og bygger på eit minispel introdusert i Super Mario 3D World. Det vart utgjeve til Wii U i november 2014 i Japan, desember 2014 i Nord-Amerika og januar 2015 i Europa, og i ei utvida utgåve til Nintendo 3DS og Nintendo Switch i juli 2018, med nye nivå inspirert av Super Mario Odyssey.[1]
Captain Toad: Treasure Tracker handlar om Captain Toad og Toadette som skal navigere seg gjennom ulike banar og fram til ei gullstjerne. Spelaren må bruke kameraet for å sjå problemet frå ulike vinklar, og dimed kome fram til ei løysning for å nå gullstjerna.[2]
Kjelder