Mario (マリオ på japansk) er ein dataspelfigur skapt av Shigeru Miyamoto for Nintendo. Figuren dukka først opp i Donkey Kong, der det offisielle namnet hans var Jumpman. Mario var opphavleg avbilda med todimensjonale strukturar, men i seinare spel er han ein tredimensjonal, polygonal figur. På grunn av den vanlege tilvisinga til at han og broren hans Luigi blir kalla «Mario Brothers» (Mariobrørne), i tillegg til at Luigi har blitt referert til som Luigi Mario, har det blitt spekulert i at hans fulle namn er Mario Mario.
Mario er ein kort, lubben italienskrøyrleggjar som bur i Mushroom Kingdom, der han blir sett på som ein helt av mange. Han er best kjend for å forpurre planane til den vonde Bowser, som er å kidnappe Prinsesse Peach og overta Mushroom Kingdom. Mario er godt kjend for sin modige personlegdom, entusiasme og haldning ovanfor fiendar og for å vere enormt smidig. Han er også kjend for sitt samarbeid med broren Luigi og sitt nære forhold til Prinsesse Peach som han har berga eit utal gonger. Mario har også ein vond dobbeltgjengar som heiter Wario.