Den noverande kyrkja erstatta ei trekyrkje frå 1873 som brann ned jola 1951. Gamlekyrkja var teikna av Christian Christie og likna mykje på Kyrkjebø kyrkje i Sogn.[1]
Før 1873 hadde kyrkjestaden i soknet vore på Svanøy og der stod det fram til 1872 ei krosskyrkje i tre frå 1657.
Før det att stod det ei stavkyrkje frå 1100-talet på staden.
Kyrkja som stod på Svanøy heitte Bru kyrkje, og soknet heiter framleis Bru.[2]
Fram til 1922 heitte det Svanøy.