Stavang er ei bygd i Kinn kommune i Vestland. Stavang ligg ved Brufjorden, nordom Førdefjorden og sør for Stavøya. I åra då Bru var eigen kommune, 1932–1963, var Stavang kommunesenter.
Stavang har kyrkje, Stavang kyrkje frå 1957,[1] og ein daglegvarebutikk med post og bensinpumpe.[2]
Samferdsle
Fylkesveg 611 går frå Stavang austover på nordsida av Førdefjorden til Naustdal, der vegen møter riksveg 5. Fylkesveg 5699 går frå Stavang via bru over Stongasundet til Stavøya og utover langsetter øya. Fylkesveg 611 går òg frå Stavang nordaustover til Eikefjord, der han møter Riksveg 5. Etter vegen er det 46 kilometer til kommunesenteret Florø og 51 kilometer til Førde. Det går òg snøggbåtrute mellom Florø og Svanøy, som kjem innom Stavang når det er passasjerar som skal av eller på.[3]
Kjelder
Referansar
Bakgrunnsstoff