Vevring kyrkje står i bygda Vevring på nordsida av Førdefjorden i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje frå 1846.
Bygget er teikna av Hans Ditlev Franciscus Linstow og har sitjeplass til 225 personar.[1]
Kyrkja er soknekyrkje i Vevring sokn i Sunnfjord prosti.
Altartavla, i form av eit altarskåp, er frå kring 1510 og har bevard det før-reformatiske uttrykket. Ho er ei Maria-tavle og er truleg laga i Lübeck.[1]