Kyrkja er teikna av arkitekt Per W. Skarstein og vart sett opp på dugnad av Stiftinga Vassenden kapell/kyrkjesenter [1]
Ho er bygd i kvitpussa lecastein, og taket har form som ein skeiv pyramide med tårn over over austre enden.
Kyrkja vart vigsla 22. september 2002, og har status som kapell i Ålhus sokn.[1]
Det har vore kyrkjegard på staden sidan 1930.[1]
Altartavla viser Jesu himmelferd og Jerusalem og er måla av Jørleif Uthaug.
Ho var eigentleg tinga til Holsen kyrkje i Førde, men der ville ikkje kyrkjelyden ha henne då det kom til stykket, og difor fekk dei overta henne på Vassenden.[1]