Det vart laga til gravplass ved kapellet i 1983, og i 1985 vart det bygd ein klokkestopul ved sida av kapellet.
Før kapellet stod ferdig sokna folk i området til Holmedal kyrkje på nordsida av fjorden.[1] I 1991 då Holmedal vart overført til Askvoll kommune, vart Hellevik overført til Dale sokn.[2] Sidan er sokna i Fjaler prestegjeld slegne saman til eitt felles sokn som heiter Fjaler sokn.[3]