Spellemannprisen 2013 var ei prisutdeling som føregjekk i to ulike salar i Stavanger Konserthus den 18. januar 2014. Seremonien vart direktesendt på NRK1 den 18. januar 2014 med Anne Lindmo som programleiar. I alt vart det delt ut 24 prisar, 12 i Zetlitz og 12 i Fartein Valen.
Innlevering og nominasjon
Kvart bidrag måtte leverast inn digitalt, men grunna tekniske problem med innleveringa, vart artisten André Bratten sitt bidrag til kategorien Elektronika/ dancemusikk, teke ut av vurderinga. Dette førte til at to jurymedlemmar valde å trekkja seg uavhengig av kvarandre i forkant av utdelinga.[1]
Den 13. desember 2013 vart det kunngjort kven som vart nominerte til prisen. Etter kunngjeringa sa Lars Vaular til VGTV at det var ei skandale at ikkje bergensbandet Fjorden Baby! vart nominerte i klassa Rock for Fjordkloden.[2] Både Thomas Talseth frå VG og Rannveig Falkenberg-Arell frå Dagbladet reagerte også på dette.[1] Under utdelinga av Spellemannprisen hadde Lars Vaular fått i oppgåve å dela ut ein av prisane. Han hadde då på seg ei T-skjorte med logoen til Fjorden Baby! på brystet.[3]
Prisvinnarane
Denne tabellen med oversikt over prisvinnarane er ordna alfabetisk. Etterpå følgjer ei liste over dei nominerte.
Dei nominerte
Barnemusikk
- Diverse artistar - Karsten og Petra - Sangene fra filmene og TV-serien
- Onkel Tuka - Musekongen Blues
- Tullkattesnutene - Vi vil ut på byen
Blues
Country
Danseband
Elektronika/ Dancemusikk
Folkemusikk/ Tradisjonsmusikk
Indie
Jazz
Klassisk
Komponist
Popgruppe
Popsolist
Rock
Samtid
Tekstforfattar
- Erlend Ropstad - Hva om det ikke er sånn som du tror at det er - Tekstforfattar: Erlend Ropstad
- Frida Ånnevik - Ville Ord - Tekstforfattar: Frida Ånnevik
- Lars Vaular - 1001 Hjem - Tekstforfattar: Lars Vaular
- Ole Paus - Avslutningen - Tekstforfattar: Ole Paus
- Stein Torleif Bjella - Heim for å døy - Tekstforfattar: Stein Torleif Bjella
Urban
Viser
Open klasse
Årets hit
Årets nykomar & Gramostipend
Kjelde
Fotnotar