Spellemannprisen 2008 vart delt ut i Oslo Spektrum i Oslo laurdag 24. januar 2009. Espen Lind vart kåra til Årets spellemann, Madcon vann den nyoppretta prisen «årets eksportpris», og «Take on Me» med a-ha fekk eingongsprisen «tidenes VG-listelåt». Det vart delt ut prisar i heile 27 klassar dette året, det høgaste nummeret på prisar som har vore delt ut under ei Spellemannutdeling. Nytt av året var tre prisar til opphavsmenn som vart delt ut i samband med TONO. Dei tre klassane er «årets samtidskomponist»,« årets populærkomponist» og «årets tekstforfatter».
Då påmeldingsfristen gjekk ut i desember 2008, var det registrert 599 påmeldingar. Mellom desse vart dei nominerte i sjangerklassane plukka ut og offentleggjort 6. januar 2009 medan dei nominerte i opphavsprisane vart offentleggjort 12. januar. Vinnaren av dei ulike klassane, inkludert Årets spellemann, vart så kåra av ein jury, med unntak av kategoriane «årets musikkvideo», «årets hit» og spesialprisen «tidenes VG-listelåt». For desse fekk publikum høve til å stemme fram vinnaren. For prisane «Årets spellemann», «årets eksportpris» og «bransjeprisen» vart det på førehand ikkje offentleggjort nokon nominasjonar.
Prisen for årets musikkvideo vart delt ut dagen før hovudutdelinga på TV 2-programmet Fredag og gjekk til Madcon for videoen til songen «Liar» regissert av Kaveh Tehrani.
Prisutdelinga vart overført direkte på TV 2, med Harald Rønneberg og Thomas Numme som programleiarar.
Musikalske innslag under utdelinga
Vinnarar
Nominerte
Kvinneleg artist:
Mannleg artist:
Popgruppe:
- Lester - This Village (Deaf Ear Records)
- Real Ones - All for the Neighbourhood (Warner Music)
- The Margarets - Twenty Years Erased (Division Records as)
Elektronika:
Samtidsmusikk:
Rock:
Blues:
Country:
Metal:
Hip-hop:
- Chris Lee - Worry No (Oslo Records)
- Karpe Diem - Fire Vegger (Bonnier Music)
- Madcon - An InCONvenient Truth (Bonnier Amigo Music)
Folkemusikk/gammaldans:
Danseorkester:
Jazz:
Klassisk musikk:
Viser:
Open klasse:
Barneplater:
Årets nykomar:
Årets musikkvideo:
- Beady Belle - «Self-Fulfilling» (Jazzland Records/Sonet/Universal) Regi: Linda Fagerli Sætren
- Madcon - «Liar» (Bonnier Amigo Music) Regi: Kaveh Tehrani
- Madrugada - «Look Away Lucifer» (Malabar Recording Company) Regi: Andreas Nilsson
- Maria Mena - «All This Time» (Sony Music) Regi: Alex Herron
- Thom Hell - «My Heart os Longing for a Soul» (Voices Of Wonder) Regi: Hans Lukas Hansen og Håvard Bråthen
Årets hit:
Årets samtidskomponist:
Årets populærkomponist:
- Ingrid Olava – «Back to Love» frå albumet Juliet’s Wishes (EMI Music Norway)
- Thom Hell – «Darling» frå albumet God If I Saw Her Now (Voices of Wonder)
- Odin Staveland – «St. Mandag» frå albumet St. Mandag av Vamp (Majorstudio)
Årets tekstforfattar:
Kjelder
Bakgrunnsstoff