Spellemannprisen 2010 vart delt ut i Oslo Spektrum i Oslo laurdag 5. mars 2011.
Ved påmeldingsfristen 30. november 2010 var det påmeldt 711 utgjevingar.[1] Ut frå desse vart dei nominerte til 21 sjangerklassar plukka ut og offentleggjort 17. januar. 11. februar vart dei nominerte til årets musikkvideo offentleggjort, medan dei nominerte til årets hit vart offentleggjort den 18. februar. Prisvinnarane vert bestemt av juryar, med unntak av årets musikkvideo og årets hit der publikum røystar fram vinnaren. Nytt av året var klassene årets fan og årets innovatør. Årets fan vart utdelt på TV 2 dagen før sjølve utdelinga medan årets innovatør vart utdelt av Spotify og skjedde under sjølve utdelingen. Dei nominerte for desse klassene vart offentleggjort den 25. februar. For fyrste gong vart det også utdelt to prisar i klassa årets musikkvideo; ein til artisten og ein til regissøren.
Prisutdelinga vart overført same kvelden på TV 2 med Solveig Kloppen og Ivar «Ravi» Johansen som programleiarar. Kloppen og Johansen var også programleiarar året før.
Vinnarar
Nominerte
Kvinneleg artist:
- Christel Alsos – Tomorrow is (Sony Music)
- Ida Maria – Katla (Nightliner/Universal Music)
- Ingrid Olava – The Guest (Universal Music)
- Susanne Sundfør var også nominert med albumet The Brothel , men trekte seg fordi ho er kritisk til at mannlege og kvinnelege artistar vert vurderte kvar for seg.[3]
Mannleg artist:
Popgruppe:
- deLillos – Hjernen er alene i Operaen (Warner Music Norway)
- I Was A King – Old Friends (Hype City Recordings/Voices Music and Entertainment)
- Kråkesølv – Bomtur til jorda (Kråkesølv Plateselskapet/Grand Sport Records)
- Madcon – CONtraband (Cosmos Music Group)
Elektronika:
Samtidsmusikk:
Rock:
Blues:
Country:
Metal:
- Enslaved – Axioma Ethica Odini (Indie Recordings)
- Ihsahn – After (Tuba Records/Candlelight)
- Shining – Blackjazz (Indie Recordings)
- Solefald – Norrøn livskunst (Indie Recordings)
Hip-hop:
Folkemusikk/Gammaldans:
Danseorkester:
Jazz:
Klassisk musikk:
Viser:
Open klasse:
Barneplater:
Tekstforfattar:
- Erik Fosnes Hansen – Neste stasjon Grorud (Daworks Records)
- Ingrid Olava – The Guest (Universal Music)
- Odd Nordstoga – November (Sonet/Universal Music)
- Susanne Sundfør – The Brothel (EMI Music Norway)
- Bare Egil Band var også nominert for tekstane til albumet I fyr og flamme, men trekte seg fordi han var «nominert saman med ei rekkje kvinnfolk». Han vedgjekk at han gjorde dette for å få mest mogleg PR, og lurte i bloggen sin på om det var mogleg å få nominasjonen attende dersom han ikkje fekk merksemd rundt stuntet.[4]
Populærkomponist:
Samtidskomponist:
Årets nykomar:
Årets musikkvideo:
Årets hit:
Årets innovatør:
Årets fan:
Kjelder
Referansar