Spellemannprisen 1984 vart delt ut Ibsenhuset i Skien våren 1985. Åge Aleksandersen vart Årets spellemann etter suksessen med albumet Levva livet!. Platedirektøren Totto Johannessen fekk heidringssprisen frå juryen, medan Jon Eberson og Sidsel Endresen fekk bransjeprisen som opphavsmenn for albumet City Vision. For fyrste gong vart det delt ut pris i klassen «roots & country» og denne prisen gjekk til Cato Sanden.
For fyrste gong fekk ikkje artistane vite kven som hadde vunne dei ulike sjangerklassene på førehand, slik praksisen hadde vore dei førre åra. Frå og med denne utdelinga måtte dei, i likskap med publikum, vente til prisutdelarane avdekte vinnarane.
Vinnarar
Kjelder