Spellemannprisen 2001 vart delt ut i Oslo Spektrum fredag 1. mars 2002. Morten Abel kom til å bli den store vinnaren, med prisen for Årets spellemann og som vinnar av klassane «popsolist» og «årets låt». Röyksopp gjorde det også bra og vann prisen i den nye klassen «elektronika» og «årets musikkvideo». I tillegg til elektronika vart det for fyrste gong delt ut prisar i klassane «metal» og «blues».
I samband med Spellemannprisens 30-årsjubileum vart det også delt ut ein spesialpris kalla for «Tidenes norske hit» der Spellemannkomitéen nominerte 14 låtar frå den 30-årige historia til utdelinga. Vinnaren blei avgjort av publikum som på førehand kunne avgi stemma si gjennom telefon og internett. «Noen ganger er det all right» med Odd Børretzen og Lars Martin Myhre gjekk av med sigeren framfor «Take On Me» med a-ha og «Lys og varme» med Åge Aleksandersen.
Det var også 30., og førebels siste, gong NRK arrangerte utdelinga. Utdelinga blei leia av Bård Tufte Johansen og overført direkte på NRK1.
Vinnarar
Kjelder