Spellemannprisen 2012 vart delt ut i Stavanger konserthus laurdag 23. mars 2013. Utdelinga vart leidd av Anne Lindmo og overført direkte på NRK1.
Kaizers Orchestra blei kåra til Årets spellemann og vann dessutan klassen for årets musikkvideo medan heidersprisen gjekk til jazzsongarinna Karin Krog. Leif Ove Andsnes vann klassen klassisk, og vart dermed den første artisten som har vunne ti spellemannprisar.
I forkant av utdelinga fjerna Spellemannkomiteen dei to kjønnsbestemte klassane beste mannlege og beste kvinnelege artist for å reindyrka sjangerkategoriane.[1] Seinare blei også klassen hip hop/rap fjerna frå denne utdelinga grunna for få påmeldte bidrag.[2]
Dette var første gongen utdelinga blei arrangert i Stavanger, og Spellemann har inngått avtale om å ha ytterlegare to utdelingar i Stavanger Konserthus med høve til å forlenga.[3] Før utdelinga blei det også arrangert Spellemanndagar i byen med konsertar og bransjeseminar.[4]
Vinnarar
Nominerte
Dei nominerte blei offentleggjort 12. februar. Det blei ikke offentleggjort nokon nominerte i klassane Årets spellemann eller heidersprisen på førehand.
Barneplate:
Blues:
Country:
Danseband:
Elektronisk musikk:
Folkemusikk/tradisjonsmusikk
Jazz:
Klassisk:
Metall:
Pop:
Rock:
Samtidsmusikk:
Vise:
Open klasse:
Tekstforfattar:
Komponist:
Årets musikkvideo:
Årets nykomar:
Årets hit:
Kjelde
Fotnotar frå bokmålswiki