Verdsmeisterskapen på ski i nordiske greiner 2015, den 50. i rekka, vart avvikla i tida 18. februar til 1. mars 2015 i Falun i Sverige. Det var fjerde gongen Falun stod som arrangørby av skiverdsmeisterskapen, tidlegare meisterskap fann stad i 1954, 1974 og 1993.
Noreg vart beste nasjon i meisterskapen med i alt 20 medaljar; 11 gull, 4 sølv og 5 i bronse.
Om lag 700 deltakarar frå 55 deltok i meisterskapen.[1]
Noregs tropp
Langrenn
31. januar tok Norges Skiforbund ut 23 utøvearar, elleve kvinner og tolv menn. Landslagssjef Vidar Løfshus meinte at Noreg stiller med «medaljekandidatar på alle distansar», med ei målsetning om å bli beste nasjon.[2]
2. februar tok Norges Skiforbund ut seks utøvarar som alle hadde vore på pallen i verdenscupen 2014/15. I følge sportssjef Sverre Rotnevatn sende Noreg «eit av dei sterkaste laga på lenge til eit meisterskap», og hadde sett ei målsetjing om å bli beste nasjon. Ettersom Noreg kan stille med fire utøvarar på kvar distanse, bortsett frå lagsprinten, vil desse bli valde av landslagsleiinga etter offisiell trening i Falun.[3]
10. februar tok Norges Skiforbund ut ti utøvarar, fire kvinner og seks menn. I følgje sportssjef Clas Brede Bråthen sende Norge «eit av dei beste laga på lenge til eit mesterskap», og hadde ein målsetjing om medalje i kvar øving. Noreg hadde berre fire plassar i dei individuelle konkurransane, i tillegg til éin ekstra plass i normalbakkerenn for herrar grunna sigeren til Anders Bardal i Ski-VM 2013 i Val di Fiemme. Difor vilke landslagsleiinga etter den offisielle treninga i Falun plukke ut dei fire/fem herrehopparane, og mikslaget ville bli tatt ut etter renna i normalbakken.[4]