Anders Jacobsen (fødd 17. februar1985) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Hønefoss som representerer Ringkollen SK. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 2006/07. I fire ulike verdsmeisterskap vann han til saman sju medaljar. Jacobsen vart norsk meister i normalbakken 2007 og 2012 og i storbakkken i 2008, 2010, 2011 og 2015.
Karriere
Jacobsen debuterte i verdscupen 24. november 2006 i Kuusamo, Finland, der han overraskande vart nummer tre. Framgangen heldt fram, i desember vann han eit renn i Engelberg. Vel ein månad etter gjennombrotet vart 21-åringen vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka 2006/07, etter å ha gått til topps i to av renna. Seinare i januar vann han eit renn i Willingen. Sesongen under eitt vart han nummer to i verdscupen, bak Adam Malysz.
I gjennombrotssesongen 2007 vann han altså i fire renn i verdscupen, seinare sigra han i eitt renn i 2008 og eitt i 2010. Elles i verdscuprenn erobra han elleve andreplassar og seks tredjeplassar. Si einaste individuelle VM-medalje, ein bronse, vann han i storbakken i Liberec i 2009. I lagtevlingar vann han tre sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar i til saman fire ulike verdsmeisterskap.
Jacobsen melde i juni 2011 atha la hoppskia på hylla, då han hadde gått lei all treninga. Lysta til skihopping kom tilbake vinteren 2012. Fyrst vart han nummer seks i storbakke-NM i Trondheim, før han i slutten av mars tok eit soleklart NM-gull på Voss. I sin siste sesong sikra Jacobsen seg sitt sjette NM-gull då storbakkerennet under Ski-NM 2015 vart avvikla i Holmenkollen.