Skal vi danse er eit britisk fjernsynskonsept (Strictly Come Dancing) som er selt til meir enn 30 land. Den norske utgåva er produsert av Monster Entertainment og send på TV 2. Jon Peder Olrud og Geir Bie var produsentar i første sesongen. Seinare sesongar har vorte produsert av Ingvild Daae. Serien hadde premiere på TV 2 den 17. januar 2006.
I programserien dansar kjendisar med profesjonelle selskapsdansarar og vert vurdert av eit dommarpanel og av TV-sjåarane. Kvart par består av ein kjendis og ein profesjonell dansar. Para med færrast stemmer får ikkje delta i neste runde.
Programserien har hatt høge sjåartal i Noreg med eit snitt på mellom 600 000 og 700 000 sjåarar. Hausten 2008 sette det rekorden med 733 000 sjåarar i snitt på sesongpremieren. Berre finaleepisoder av programmet har hatt høgare tal.
12. desember 2008 vart det arrangert ein superfinale i Skal vi danse der dei vinnande para frå dei fire føregåande sesongane deltok. Sidan Tshawe Baqwa var på konsertturné på tidspunktet for superfinalen deltok andreplass-para frå 2007 i staden for vinnerparet.
Rein Alexander fekk plassen til Tom Nordlie då han måtte trekkje seg før programmet.
Olga Divakova skulle eigentleg dere dansepartnaren til Jarl Goli, men måtte trekkje seg frå programmet på grunn av skade same uka som sesongpremieren. Alexandra Kakurina overtok plassen som dansepartnaren til Goli.[1]
Fredric Brunberg skulle opprinneleg danse med Bahareh Letnes, men måtte trekkje seg frå programmet grunna personlege årsaker. Tom-Arild Hansen erstatta Brunberg som dansepartnaren til Letnes.
Programmet kan skildrast som ein sjåarsuksess med mellom 600 000 og 700 000 sjåarar i snitt. Den fyrste sesongen hadde eit snitt på 657 000 sjåarar og ein topp på 717 000 sjåarar.