Han vart for fyrste gong Noregsmeister i sjakk i seniorklassen i 1982, som 15-åring, som den yngste gjennom tidene.[1] Ikkje ein gong Magnus Carlsen klarte å slå denne rekorden.
Simen Agdestein har blitt noregsmeister i sjakk heile 9 gongar, i 1982, 1986, 1988, 1989, 2000, 2002, 2005, 2022 og 2023,[3] og har dermed ei rekke med kongepokalar. Berre Berge Østenstad har nesten like mange, med 8 NM-sigrar. Med tittelen i 2023 vart Simen Agdestein også den eldste noregsmeisteren i sjakk, i ein alder av 56 år.
Simen Agdestein har spelt heile 8 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1982-1984, 1988-1990, 1996 og 2004, 2006 og 2008. I den første, som 15-åring i 1982, spelte han på 4. bord. I dei 4 neste spelte han på 1. bord, før han i dei tre siste spelte på 2. bord med Magnus Carlsen på 1. bord. I desse 8 turneringane spelte han til saman 76 parti, og skåra 45,5 poeng etter 31 sigrar, 29 remisar og 16 tap, 59,9 %. I 1982 fekk Agdestein 1. premie for beste resultat på 4. bord, etter å ha tatt 9 poeng på 12 parti, 8 sigrar, 2 remis og 2 tap, 75,0 %.[6]
Agdestein var òg ein dyktig fotballspelar. Han spelte for Lyn, og fekk åtte A-landskampar for Noreg før ein kneskade tvinga han til å leggje opp.
Anna
Simen Agdestein er utdanna som samfunnsvitar. Han tok initiativet til sjakklina på Norsk Toppidrettsgymnas (NTG) i Bærum, og har vore sjakklærar der sidan starten. Mellom andre stormeistrane Magnus Carlsen og Jon Ludvig Hammer har vore elevar ved sjakklina på NTG.
Simen Agdestein har deltatt i det populære programmet Skal vi danse på TV.
Atle Grønn gav hausten 2023 ut ein biografi om Simen Agdestein, om Simen sitt tidlege liv og karriere som sjakkspelar og fotballspelar: Sjakken som var. Fortellingen om Simen Agdestein og hans tid.
Kjelder
Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2