Lars Roar Bohinen (fødd 8. september1969 i Vadsø) er ein norsk fotballtrenar og -spelar har vore. Bohinen deltok åra 1989-99 i 49 landskampar for Noreg og skåra 10 landslagsmål. Han spelte i samtlege av Noreg sine kampar i fotball-VM i 1994. Bohinen var vekselvis midtbane- og vengspelar.
Bohinen fekk sin landslagsdebut som innbyttar 25. oktober 1989 i ein bortekamp mot Kuwait. Han vert særleg hugsa for skåringa som sikra Noreg sigeren 2-0 over England i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion 2. juni 1993. Under VM i fotball 1994 i USA tok Bohinen del i alle Noregs tre kampar, i den siste var han innbyttar. I 1995 valde han å boikotte privatlandskampen mot Frankrike i protest mot franske prøvesprengingane i Stillehavet. Etter 1996 fekk Bohinen berre 2 landskampar, og han fekk ikkje plass i troppa til VM i fotball 1998. Avskjeden med landslaget kom som innbyttar 27. mars 1999 i Aten, ein kamp som enda med norsk siger 2-0.
Merittar
Tredjeplass i den engelske ligaen: 1995 med Blackburn Rovers