Vadsø
Vadsø er ein by og administrasjonssenteret i Vadsø kommune i Finnmark. Byen ligg på Varangerhalvøya, på nordsida av Varangerfjorden. Vadsø har hatt bystatus sidan 1833, og er administrasjonssentrum i Finnmark. Det bur om lag 5100 menneske i byen, om lag 83 % av folketalet i kommunen. Avisa Finnmarken kjem ut i Vadsø seks dagar i veka. HistorieByen hadde stor innvandring frå Finland på 1800-talet, og innvandringa synest tydeleg i dag gjennom finsk kultur og mange finske etternamn blant innbyggjarane. Vadsø blir difor ofte omtala som «kvenhovudstaden». Vadsø Sildoljefabrikk la ned produksjonen i 2009.[1] Før hadde NRK Finnmark sete i byen.[1] Næringsliv«54 prosent av de sysselsatte i Vadsø» var per 2016 «ansatt i offentlig sektor. Fjerde høyest i landet», skreiv NRK i 2018.[1] SamferdsleVadsø har hurtigruteanløp. Vadsø lufthamn ligg i Kiby, rett aust for byen. Widerøe flyg til Tromsø, Alta og Kirkenes. I tillegg er det daglege avgangar til Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg og Hammerfest. Kultur
Kjelder
Information related to Vadsø |