Austertana (nordsamisk Juovlavuotna, kvensk Jouluvuono)[1] er ei bygd som ligg ved botnen av Leirpollen i Tana kommune i Finnmark fylke. Ho ligg rundt 30 kilometer nord-nordaust for kommunesenteret Tana bru, og busetnaden strekkjer seg frå Leirpollen og oppover nedre delen av Juladalen.[2]Grunnkrinsen Austertana hadde 199 innbyggjarar 1. januar 2017.[3]
Ved Austertana ligg Stangnestind, som er det høgaste fjellet på Varangerhalvøya med ei høgd på 724 meter over havet.
Den lengste sandstranda i Noreg ligg i Austertana. Ho er 13 km lang, og går frå Leirpollnes til Rødberget.[5]
Ein del av staranda er halvøya Høyholmen, som er ein kjend stad for å sjå fuglar.
Det nordegaste punktet for bjørkeskog i Skandinavia er i Austertana.[5]