Tour de France, cycling at the 1984 Summer Olympics – men's individual road race, 1987 UCI Road World Rankings, 1988 UCI Road World Rankings, 1989 UCI Road World Rankings, 1990 UCI Road World Rankings
Dag Otto Lauritzen (fødd 12. september1956) er ein norsk tidlegare konkuransesyklist. No er han programleiar og sykkelekspert-kommentator for TV2.
Bakgrunn
Dag Otto Lauritzen voks opp i Grimstad.[1] I tillegg til å vere konkuransesyklist har han tidlegare vore politimann, fallskjermjeger, leiar og partnar i eigedomsmeklarbransjen. Dag Otto er gift med Ellen, og saman har dei to born: Line og Stian.[2]
Sykkelkarriere
Under OL i Los Angeles i 1984 tok han bronsemedalje på fellesstarten. Han sykla i fleire år profesjonelt, og deltok blant anna åtte gongar i Tour de France. Krona på verket sette han ved å vinne ein fjelletappe den 14. juli 1987.
Som amatør tok han to NM-titlar og vann nordisk meisterskap i 1983 og 1984. Han var medlem av Glåmdal SK.