Sanniriya vart grunnlagd på 1300-talet av Issa as-Saniri, ein heilag mann frå Syria, som er gravlagd i landsbyen.[3] På grunn av grava hans, vert det halde religiøse festivalar i landsbyen og den gamle moskéen vart bygd like ved på 1300-talet.
Osmansk tid
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og skreiv at han låg på ei høgd med kring 700 innbyggjarar. Mange av husa verka nybygd, og berre somme cisterner verka gamle. På det høgaste punktet i landsbyen låg ein liten moské.[4]
I The Survey of Western Palestine (1882) vart landsbyen (kalla «Senirieh») skildra som ein «liten steinlandsby, på ein rygg, omgjeve av oliven, og forsynt av cisterner.»[5]
Det britiske mandatet
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Sanniriya (kalla «Sainiriyeh») eit folketal på 529, alle muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 (inkludert Khirbat Azztun) hadde 165 busette hus og eit folketal på 722, igjen alle muslimar.[7] I 1945 var folketalet i Sanniriya 990 arabarar, medan det samla landarealet var 12 685 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 2 895 for plantasjar og irrigert land, 4 432 for korn,[9] medan 45 mål var klassifisert som utbygde område.[10]
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61.
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 107.
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 157.