Staden var oppført i osmanske skattelister frå 1596 som «Jim Safut», i Bani Sa'b nahiya i Nablusliwa. Han hadde eit folketal på 26 hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[5]
I «Survey of Western Palestina» frå 1881, vart landsbyen skildra som «ein liten landsby i høgt lende, med brunnar i nord, og nokre få oliventre.»[6]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Jensafut eit folketal på 267 innbyggjarar, alle muslimar,[7] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 76 busette hus og eit folketal på 315, igjen alle muslimar.[8] I 1945 var folketalet 450, all arabarar, med 9 356 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 1 410 mål for plantasjar eller irrigertland, 2 208 for korn,[10] medan 14 mål vart utbygd land.[11]
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156