Landsbyen er gammal og gamle steinar er nytta om att i husa. Moskeen er kanskje ei gammal kyrkje. Det er òg gjort funn av bysantinsk keramikk.[4]
Historie
Staden vart oppført i osmanske skattelister i 1596 som 'Azzun, i Jabal Qubal nahiya i Nablusliwa. Han hadde eit folketal på 29 hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og bikubar.[5]
Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1870 og skildra han som ein stor arabisk landsby, då fråflytta. Mange små, firkanta hus stod framleis delvis, og nær moskeen såg han gamle søyler og store steinar frå eldre bygningar. Gamle fikentre og vakre mimosa var spreidd mellom ruinane.[6] I The Survey of Western Palestine (1882) vart han òg skildra som ein «landsby i ruinar».[7]
Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.