I Kina blei Slaget på Poyang, det største sjøslaget i mellomalderen og etter nokre mål også det største i historia, utkjempa mellom marinestyrker for Yuan- og Ming-dynastiet i 1363. Ming-styrkane sigra. I 1368 blei det mongolske Yuan-dynastiet erstatta av Ming-dynastiet.
Wang Dayuan blei den første kinesaren som segla inn i Middelhavet då han vitja Nord-Afrika 1334-1339.
Eit overfolka Europa blei ramma av sviktande avlingar og den store hungersnauden 1315–1317. I 1344 braut det ut epidemiar av byllepest i Asia. I 1347 nådde pesten Genova og Italia og spreidde seg vestover. Frå 1347 til 1352 herja pesten, kjend som Svartedauden, mykje av Europa. Medan folk flykta frå smittefarlege byar, blei delar av landsbygda folketomme. Opptil 20 millionar menneske, rundt ein tredjedel av innbyggjarane, døydde av pesten i Europa.
Hansaen nådde eit høgdepunkt i makt og utstrekking, med handelsmonopol i mykje av Nord-Europa. England fekk ei økonomisk stordomstid gjennom ullhandel. Byar som hadde tent seg rike på handelen bygde store kyrkjer. I 1377 hadde London minst 50 laug og eit folketal på over 35 000.