Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Store Zimbabwe

Store Zimbabwe (eller Great Zimbabwe) er namnet på steinruinane av ein eldgammal by i det sørlege Afrika i det noverande Zimbabwe. Staden var sentrum for eit stort rike, kjend som Munhumutapaimperiet. Dette imperiet herska over eit område som omtrent dekker det noverande Zimbabwe (som har teke namnet sitt frå denne byen) og Mozambique. Dei handla med omverda via hamner som Sofala sør for Zambezideltaet frå 400-talet til 1400-talet.

Great Zimbabwe er det største nasjonalsymbolet til Zimbabwe, der Zimbabwefuglen (eit anna nasjonalt symbol) vart oppdaga. Great Zimbabwe vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1986.

Kjelder

Kembali kehalaman sebelumnya