Young var ein virtuos pedalsteelgitarist og han er særleg kjend for å få til ein Hammond B3-orgellyd ut av instrumentet ved å spele det gjennom ein Lesliehøgtalar. Han var òg nyskapande av andre rockelydar frå instrumentet.[1][2]
Young var med å skipe Poco i 1968 i lag med Richie Furay og Jim Messina, etter dei hadde brukt han på balladen «Kind Woman» på det siste albumet til Buffalo Springfield, Last Time Around. Young var det einaste medlemmet som har spelt med Poco heile vegen frå 1968 og fram til 2021.