Poco er det andre studioalbumet til den USA-amerikanske countryrockgruppaPoco. Dette er det første albumet deira med Timothy B. Schmit, som erstatta Randy Meisner. Messina-songen «You Better Think Twice» vart ein signatursong for bandet. Eit eksemplar av albumet er utstilt i Country Music Hall of Fame i Nashville i lag med jakka som Rusty Young har på omslaget.
I meldinga si for Allmusic skreiv Bruce Eder: «Desse songane representerer blandinga deira av country og rock på sitt beste og klåraste, med glade harmoniar på 'Hurry Up' og 'Keep on Believin' som er totalt uimotståelege... Slagordet var 'for country for rock, for rock for country', men i røynda var dei berre føre si tid, ein vanskeleg stad å vere i underhaldningsverda.»[1]Robert Christgau skreiv i meldinga si: «Det mest overvurderte av dei undervurderte gruppene i Amerika. All overraffineringa til CSNY utan noko av inspirasjonen, all forgreiningane til bluegrass, utan røtene. Kort sagt, den perfekte kommentaren på kompetansevakuum.»
Innhald
Side ein
Nr.
Tittel
Låtskrivar
Lengd
1.
«Hurry Up»
Richie Furay
4:06
2.
«You Better Think Twice»
Jim Messina
3:21
3.
«Honky Tonk Downstairs»
Dallas Frazier
2:43
4.
«Keep on Believin»
Furay, Timothy B. Schmit
2:51
5.
«Anyway Bye Bye»
Furay
7:01
Side to
Nr.
Tittel
Låtskrivar
Lengd
6.
«Don't Let It Pass By»
Furay
2:33
7.
«Nobody's Fool/El Tonto de Nadie, Regresa»
Furay, Messina, Schmit, Rusty Young, George Grantham