From the Inside er det tredje studioalbumet til det amerikanske countryrockbandetPoco. Bandet var visstnok misnøgd med den førre utgjevinga deira.[1] Dette albumet var det første med det nye medlemmet Paul Cotton som sologitarist, då han erstatta Jim Messina. Messina fortsette karrieren sin i lag med Kenny Loggins.
I meldinga si for Allmusic kalla Bruce Eder albumet «det mest uvanlege albumet til Poco... der gruppa skapar ein slankare, meir nedstrippa og bluesprega stil. Harmoniane er mindre utstrålande og gitarane meir dempa, og anda er òg noko meir lågmælt enn vanleg. Men stilen dei får til er framleis appellerande og synginga meir reflekterande.»[1]