Kalandia vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i osmanske skattelister frå 1596, var landsbyen, då kalla Qalandiya, ein del av Al-Qudsnahiya i Al-Quds liwa. Landsbyen eit folketal på 15 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter.[9]
I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, som han skildra som ei lita grend med nokre få hus med fikenplantasjar rundt.[10]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som ein «liten landsby på ei høgd, omgjeve av oliven, med steinbrot i vest.»[11]
Det britiske mandatet
I folketeljinga i 1922 hadde Qalandieh (Qalandia) eit folketal på 144, 122 muslimar og 22 jødar.[12] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 då Qalandiya hadde ein heilmuslimsk folkesetnad på 120, i 25 hus.[13]
I 1945 var folketalet i Kalandia på 190 arabarar, og landområdet var 3 940 mål.[14] 427 mål var for plantasjar og irrigert land, 2 202 for korn,[15] medan seks mål var utbygde område.[16]
Kalandia lufthamn
Fram til 1930 var Kalandia den einaste flyplassen i Palestinamandatet, sjølv om det var fleire militære flystriper. Kalandia vart nytta av viktige gjester som kom til Jerusalem.[17] Han opna for faste flyruter i 1936.[18] Etter seksdagarskrigen fekk han namnet Atarot lufthamn av Israel, men vart nedlagt som følgje av Israel–Palestina-konflikten.[19]
Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN3-920405-41-2.
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 103
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 153
↑An Empire in the Holy Land: Historical Geography of the British Administration of Palestina, 1917-1929 Gideon Biger, St. Martin's Press and Magnes Press, New York & Jerusalem, 1994, s. 152