Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina og i 1596 stod han oppført som Bayt Kisa i skattelister som ein del av Quds nahiya i Qudsliwa. Han hadde eit folketal på 79 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer, frukttre, hagar, geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[4]
I 1841 bygde ein lokal leiar, Abd al-Qadir al-Khatib, ei osmansk borg sør i landsbyen, medan ein av brørne hans bygde ein mindre versjon fem år seinare.[5]
I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og estimerte at han hadde 300 innbyggjarar. Han skreiv at området rundt var oppdyrka med vindruer og oliventre.[6] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine at «landsbyen var mellomstor, med steinhus, og ein brunn i nord, nær det heilage treet Neby Leimun. Det står nokre få oliven kring landsbyen.»[7]
I 1945 hadde Bein Iksa eit folketal på 1 410, alle arabarar, med 8 179 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 1 427 mål var plantasjar og irrigert land, 2 690 nytta for korn,[9] medan 43 mål vart utbygd land.[10]
I april 1948 flykta dei fleste landsbybuarane etter Deir Yassin fall og Haganah-styrkar gjekk inn i landsbyen og øydela mange bygningar.[11]
I ei folketeljing i 1922 utført av Det britiske mandatet styresmaktene, hadde «Bait Iksa» eit folketal på 791, alle muslimar,[13] og dette auka i folketeljinga i 1931 til eit folketal på 1003, framleis alle muslimar, i 221 hus.[14]
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN3-920405-41-2.
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151
↑Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.114 158