Beit Hanina er delt av Israel si sperring på Vestbreidda i Al-Jadida (den nye landsbyen), som ligg i den israelske Jerusalem kommune og omfattar det meste av de utbygde området, og Al-Balad (den gamle landsbyen), som ligg utafor kommunen.[3]
I 2007 hadde Beit Hanina eit folketal på over 27 000, med 26 762 innbyggjarar i den nye landsbyen og 1 072 i den gamle.[4]
Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Beit Hanina oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Qudsliwa. Han hadde eit folketal på 28 muslimske hushaldningar.[6]
Guérin, som vitja staden i 1863, estimerte at landsbyen hadde 300 innbyggjarar.
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som «ein mellomstor landsby, med steinhus, i særs steinete lende på ein rygg mellom to dalar. Han er omgjeve av oliven, og har ei kjelde i vest. Det veks òg vinrankar nær landsbyen.»[7]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde «Bait Hanina" eit folketal på 996, alle muslimar,[8] og dette auka i folketeljinga i 1931 til eit folketal på 1226, framleis alle muslimar, i 317 hus.[9] I 1945 hadde Bein Hanina eit folketal på 1 590, alle arabarar, med 14 948 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 3 072 mål var plantasjar og irrigert land, 4 304 nytta for korn,[11] medan 219 mål vart utbygd land.[12]
Etter seksdagarskrigen i 1967 okkuperte israelarar Vestbreidda, i lag med Beit Hanina, og kommunegrensa til Jerusalem vart flytta heilt til den austlege delen av Beit Hanina, i dag kalla Beit Hanina al-Jadid.
Etter den andre Intifada byrja Israel å byggje Israel si sperring på Vestbreidda, som skilde Jerusalem-delen av Beit Hanina frå Vestbreidda. Området har stundom vore åstad for samanstøytar mellom israelske tryggleiksstyrrkar og palestinske militante.
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN3-920405-41-2.
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151