Jalazone (arabisk مخيّم الجلزون) er ein palestinsk flyktningleir i Ramallah og al-Bireh guvernement, 7 km nord for Ramallah og like ved landsbyen Jifna i nord, Deir Dibwan i aust, Bir Zeit i vest og den israelske busetjinga Beit El i søraust. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Jalazone eit folketal på kring 8 700 innbyggjarar i 2006.[1]
Historie
Jalazone vart grunnlagd i 1949 på 253 mål land, som følgje av palestinsk utvandring etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Som alle offisielle flyktningleirar på Vestbreidda, leigde SNs hjelpeorganisasjon (UNRWA) landet frå Jordan. Det meste av området var statseigd før kjøpet, medan resten høyrte til forskjellige landsbyar i nærleiken.[2] Etter Osloavtalen mellom Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA) og Israel, vart styret av Jalazone overført til PNA medan Israel framleis hadde tryggleiksansvaret. UNRWA yter òg tenester i leiren.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
Gaza 518 000 UNRWA-flyktningar | Vestbreidda 188 150 UNRWA-flyktningar | Syria 319 958 UNRWA-flyktningar | Libanon 188 850 UNRWA-flyktningar | Jordan 355 500 UNRWA-flyktningar | | | | | | |
|
Kjelder
- ↑ «Camp Profiles». unrwa.org. United Nations Relief and Works Agency for Palestine-flyktningar in the Near East. Henta 2. juli 2015.
|