Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og estimerte at han hadde kring 500 innbyggjarar. Han nemnte òg ein wali for ein sjeik Abou Ismail.[4] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beit Likia som ein «liten landsby langs hovudvegen ved foten av åsane, forsynt av cisterner. Det ligg eldgamle tufter mellom husa.»[5]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde hadde Beit Leqia eit folketal på 739, alle muslimar,[6] dette auka i folketeljinga i 1931, då Beit Liqya hadde 209 busette hus og eit folketal på 858, framleis alle muslimar.[7]
I 1945 var folketalet 1 040, alle arabarar, medan det samla landarealet var 14 358 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 1 918 for plantasjar og irrigert land, 6 469 for korn,[9] medan 39 mål var klassifisert som utbygde område.[10]
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161