Periodesystemet, som også blir kalla det periodiske systemet eller periodetabellen, er ein tabell over dei kjemiske grunnstoffa ein kjenner til. I dette systemet organiserer ein grunnstoffa etter atomnummer (talet på proton) slik at hydrogen, som har nummer 1, kjem først. Deretter vert grunnstoffa delte inn i periodar etter kva for elektronskal dei har og i grupper etter kor mange frie elektron dei har. Grunnstoff med like mange frie elektron har ofte svært like kjemiske eigenskapar. Det er 94 grunnstoff i naturen. Det finst òg 24 kunstige grunnstoff, men desse er det lite av.
For ein versjon av periodesystemet med tillegg av grunnstoffnamn og atommassar i kvar rute, sjå periodesystemet i stor utgåve.
|
Halogen og edelgassar er òg ikkje-metall. Lantanoid og actinoid blir kalla for sjeldne jordmetall. Alkalimetall, jordalkalimetall, transisjonsmetall og sjeldne jordmetall, saman med metalla i gruppe 13–16, blir alle kalla for metall.
|
|
Rammestil: Naturleg førekomst av grunnstoffa
|
grunnstoff med heile rammer har isotopar som er eldre enn jorda (grunnelement)
|
grunnstoff med stipla rammer er radioaktive og kjem naturleg frå nedbryting av andre grunnstoff
|
grunnstoff med prikka rammer er òg radioaktive men er kunstig framstilte og finst ikkje naturleg
|
grunnstoff utan rammer er enno ikkje oppdaga eller framstilte
|
|
Sjå òg
Bakgrunnsstoff